onsdag 31. august 2011

Eit lite spann av tid...


Eit lite spann av tid
imillom æver to.
Den tidi, ho er mi
Eg lever no-
Trygve Bjerkrheim

søndag 28. august 2011

Ein liten kikk :)

Det vil gå nokre veker før me kan flytte inn i "ny" stove ennå, men "den som ventar på noko godt"...
Gledar meg til å sjå hagen frå denne vinkelen :)
Her i vestvindauga ser me også vegen ned mot huset.


Frå det eine vindauga i sør ser me rosebedet.
Når me flyttar inn er nok hagen haustbrun, men då er det 
blomar og lampar som skal pynte og lyse opp bak kvite blondegardiner :)

Ha ein fin søndag :)

mandag 22. august 2011

Kom kyra!

Når kyrne har gått på same beite ei stund er det naturlig at graset på andre sida 
av gjerdet (i dette tilfelle; vegen) er grønare :)
Då er det på tide å skifte beite :)
KOSS, KOSS, KOSS!

Versågod stig på!

Kalvane som aldri har gått akkurat her før kjem litt usikre i siste rekke.
Ei av kvigene  oppdagar straumstrengen som er lagt ned på bakken og blir usikker.
Graset er i vegkanten ser godt ut det også.
Etter ei stund vågar ho seg over til dei andre.
Siste kalven følger hakk i hæl.
Så er alle på plass og kan meske seg med grønt og frodig gras :)

fredag 19. august 2011

"Håndlaget med glede av BeritT"

Nå er det alt ei veke sidan fototuren med bloggvenner. Kjekt å ha bilde til å minne om dagen :)
Me avslutta dagen hos Berit. Berit er ein tusenkunstnar som lagar dei vakraste ting. 
Her kjem nokre bilde frå kjellaren hennar :)




Mesteparten av det Berit lagar er til sals. Sjekk facebook-sida "Håndlaget med glede av BeritT"
Stor takk til Berit og "Gamleheksa" for ein hyggeleg dag :)

God helg til alle :)

onsdag 17. august 2011

Vågshaug, eit lite paradis på jord.

Eg tok bloggvenninnene mine med til småbruket Vågshaug der mannen min kjem ifrå.
Busskuret ved hovudvegen der barna stod og venta på skulebussen for mange år sidan 
blir nå brukt som ein skuggefull plett av sauer på beite.
På bakkane på Vågshaug går kyr og kalvar og kosar seg i sola. Desse dyra er våre.
Me køyrer dei ut om våren og hentar dei heim til fjøset på seinhausten.
Minsten her er fødd nå i sommar og treng nokre liter mjølk og grønt gras for å bli like stor og fin 
som kalven til høgre som blei fødd tidleg i vår.
Svigerforeldra mine er flytta til ein lettstelt leiligheit i sentrum, 
men sommarsdag er garden her eit samlingspunkt for heile storfamilien.






Svigermor har ikkje helse til å stelle hagen lenger, men ennå bugnar hagen av roser og stauder.
Eg og familien min har hatt mange fine stunder her gjennom åra.








Masse fine motiv å finne her for hobby-fotografane. 
Takk for oss :)

tirsdag 16. august 2011

Langsyn og nærsyn.

Her kjem fleire bilde frå fototuren til bloggdamene :)
Når eg fotograferer brukar eg både "nærsyn" og "langsyn".  På bildet over har eg brukt begge deler på same bilde for å få djupne i bildet. Lys og skugge, refleks frå vatn, det er mykje som kan gje "liv" til eit bilde.
Fotografar i djup konsentrasjon.

Det er seinsommar og mange blomar  går bokstaveleg tala i frø.

Ein må tett innpå om ein skal få seg med seg det vakre hos dei små.
I dag har Berit lagt ut sine bilde frå dagen me var saman.  
Kikk innom her og sjå hennar vinkling av dei same motiva ;)
Eg kjem med ein ny "episode" om ein dag eller to :)

mandag 15. august 2011

Sunnalandstraumen, neste stopp på fototuren.

Neste stopp på fototuren vår var Sunnalandstraumen, ein av dei mest idylliske stadane på Bokn.
Sunnalandstraumen deler den sørvestre delen av Bokn frå resten av vestrebokn.

Før 1870 var det i Sunnalandsstraumen så grunt at ein hest kunne vasse over ved fjære sjø. 
Det gjekk med andre ord an å ri over. Den viktigaste måten å kome seg fram på på den tida var nok likevel med båt her ved kysten. Først i 1870-åra blei det derfor grave kanal gjennom Sunnalandsstraumen, slik at det til og med var råd å gå gjennom med småskøyter. Dette letta arbeidet for dei som dreiv fiske. Ein slapp då ro/segle rund heile Jøsenlandet, her står storhavet på og det er svært verhardt. Kring 1906 kom det også veg til Jøsen med klappebru over kanalen. I 1957 blei det lagt ei ny fast bru. (opplysningane er henta frå Bokn, gard og ætt 2)



Lite anna gjev meg ro i sinnet som solskin som speglar seg i sjøen og gjev gjenskin som flakkar att og fram på ei blankpussa og lakka båtside.

Medan me sat på brygga og kosa oss med nista me hadde med kom ein lystbåt gjennom kanalen.


Desse vakre murane er flotte kunstverk  synest eg.
Etter ei fin stund i solvarmen bar turen vidare :)