(Ut for å teste det nye kompaktkamera mitt. Canon Powershot G15)
Er du tittgjengd på bloggen min har du heilt sikkert vore med meg på denne turen før,
men har du likevel lyst å bli med på er du velkommen :)
Landskapet er det same, men årstid, vind og ver gjer at turopplevinga
kan endra seg mykje frå gong til gong.
Når eg er ute og går får tankane fritt spelerom.
Då kan eg analysere nederlag, glede meg meg over meistring,
glede meg over alle gode menneske i livet mitt,
oppleve årstid, vind og ver, og stemningar rundt meg.
Andre gonger tømer eg hovudet og berre ER i naturen.
Eg er ein person som treng å høyre til,
ha ei bygd som eg kjenner meg heime i,
vite at her har eg minne på godt og vondt.
Museet vårt, her ligg fortida til boknarane for dei som har lyst å sjå.
Då eg var lita jente var eg her ofte, då var det basarar,
juletrefestar og andre aktivitetar som fylte huset.
Stolane hadde eit brett på ryggen som me slo ned når asjettar
med serviettar rundt blei delte ut i benkeradane.
Ei halv skive med ost, ei med servelat, ei med fiskepudding
og ei grovbrødskive med egg og sild.
Å, men eg gleda meg, og så kjekt som det var!
Nå i desse multimedia-tider og mengder av tilbod
er det vanskeleg å sjå for seg korleis det var.
Kyrkja, eit trygt haldepunkt i høgtid og glede, men også i sorg.
Godt å kunne ta ein snartur innom til mor og far, plante om våren, luke og vatne om sommaren,
legge på krans om hausten, tenne eit lys om vinteren, eller berre stå her ei lita stund.
Denne dagen var det stille her, berre ein svarttrost hoppa rundt på jakt
etter kristornbær eller noko anna etande.
Naturen har så mange uttrykk. Ei vintersnau bjørk strekker mjuke greiner mot himmelen.
Store vintergrøne graner har stått her i ein mannsalder eller to,
rotfeste i skrinn jord. Majestetiske er dei der dei står som ein vegg
mot nordavinden eller synnavinden alt etter som.
Hustrig med bleike jordfargar ligg beitelandet langs vegen.
Menneske har sett sitt preg på kulturlandskapet på ulike måtar gjennom tidene.
Grenser og stengsler har eg inni meg også, nokre skal stå medan andre bør rivast.
Kva møter oss over neste bakketopp mon tru? Her veit eg fordi eg har gått her så mange gonger.
Kva som møter meg over neste bakketopp i livet veit eg mindre om...
Av og til står grinda vidopen og vegvalet er lett å ta.
Andre gonger er eg usikker. Skal eg prøve noko nytt...
eller skal eg halde meg til det sikre, der eg kan sjå vegen vidare langt fram.
Det er lett å gro fast og bli ståande...
Av og til treng eg å studere livet og omgjevnadane nøye,
sånn skikkeleg under lupa (eller gjennom macro-objektivet).
Kanskje må eg skrelle av nokre lag kvardagar for å sjå det vakre som ligg gøymt under.
Når eg er i skuggelandet og grinder synest lukka
er det godt å finne gjerdeklyverar langs vegen.
Tunge motbakkar er det innimellom, men her oppe i høgda er det lettare å få oversikt.
Inn i det ukjente...
eller søke mot lyset på vante stiar.
Våga tru på tøvèr og vår når kulda tar tak...
Finne ein kvilebenk i ein lysning i mørk skog.
Våge å følgje nykvista stiar og oppleve noko nytt.
Snu andletet mot sola...
Finne lys og fargar i mørke.
Sjå sola strøyme mellom treleggene og gylle visne grastuster.
Vite at i knoppane på turre kvister ligg kimen til ein grøn vår...
Her ute i skogen hentar eg energi og ladar halve batteriet mitt, det andre halve
ladar eg ved å vere saman med familie, venner og gode kollegaer.
Så får framtida vise... :)
(Og ja eg er veldig nøgd med kamera og ser fram mot nye fototurar!)
God vinterveke til deg som gjestar meg :)