I går var det den store sommarblome-plantedagen i heimdalhagen.
Herleg med fargeklattar rundt om og grøne plenar!
I verandakassen under kjøkkenvindauga blei det slyng-pelargonia iår.
I ei korg på bordet har eg sett tre engelske-pelargonia.
Romantiske, gammaldagse blomar passar perfekt til huset.
Nellik i mor sine gamle kjøkkenkrukker.
Kvit lobelia og rosa margeritter.
Lilla surfina.
Mandarinrose og stemor.
Løvemunn i krukkene og campanula i sykkelkorgene.
Senetti og surfina, blåstråle og surfina.
Senetti og bacoba. Tvillingblomst i dei små krukkene.
Kjekt å kome heim til dette :)
I sinkbaljene har eg knollbegonia i den største og femtunge i den mellomste.
Her er det skugge store deler av dagen så eg måtte finne blomar
som kan trivast også utan sol.
I den minste stampen står sedum, hadde takløk her også,
men den har gått dukken. Så her må eg spe på med eit eller anna.
Løvemunn får stort sett stå i fred for sneglar så det passar godt
her ved bladliljene som trekker sneglar.
Elles er det rhododendronbløming som er finast i hagen akkurat nå.
Staudebeda treng sårt om å bli ruska opp i, men véret ser ikkje lovande ut dei neste dagane.
Idag har hagehanskane fått kvile medan eg har kosa meg på terassen :)
til oss :)
Takk for koselege kommentarar :)
Ha ei fin maiveke :)